Besøk av Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre
Tysdag 19. august fekk me besøk av helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre, som valte å nytte god tid med oss på Luster Trening!
Me fekk fortalt han korleis me bevisst jobbar for at Luster Trening skal vera kommunen sin viktigaste folkehelseaktør, spesielt innan førebyggande helsearbeid, og korleis me lukkast med dette:
Me har eit treningstilbod som famnar alt frå “Sterk Mamma”, til “i 100 mot 100”, og når slik ut til mange ulike grupper. Det er kort veg frå rehabilitering til frisktrening. Her er det like vanleg å trene med rullator og støttestrømper, som i tights og t-skjorte. Me ynskjer å løfte fram vitktigheita ved å vera eit bemanna treningssenter på ein liten stad. Her kan ein møte tilsette som har kompetanse, og kan gje kvalifiserte råd og rettleiing. I tillegg til dette kan Luster Trening vera ein møteplass og sosial arena, med ein kaffiprat etter økta, eller ein matbit mellom skule og trening.
Helseministaren fekk også møte ungdomar på trening saman med ungdomslos Armando, samt erfaringskonsulent frå Psykisk helseteam, Jonny. Det speglar korleis vårt samarbeid med kommune, lag og organisasjonar, bedrifter og andre helseaktørar kan fungere for å nå ulike aldrar, fysisk og psykisk utgangspunkt og nasjonalitetar. Og Jonny er klar i talen om kor viktig trening er; ikkje berre i førebygging, men også eit verktøy i behandling. Oppsummeringa frå helseministaren sjølv er: “Sjå til Luster” og “eg er frelst” – og me vart sjølvsagt smigra over rosen (og rosa) me fekk – og tek det til oss, sjølv om det er valkamp!
Kanskje me har ein fordel med å vera ein liten kommune. Det er likevel ein stor jobb som må til på eit lite treningssenter, for å kunne ha så breitt tilbod.
– Det går ikkje utan kundane våre, og gode samarbeidspartnarar som ser viktigheita av tilbodet!
Me prøvde å nytte tida me fekk, til å ynskje ei større førebyggjande satsing, slik at færre blir ståande i “helsekøen”, som er noko han vil redusere. Eit mogleg grep for å få til dette, kan vere å opprette fleire relevante stillingar til helse- og treningsfysiologar. Dette vil kunne avlaste helsevesenet, og gje ein stor samfunnsøkonomisk gevinst!
Me takkar for eit strålande flott besøk - og fekk ein god motivasjonsboost inn i haustsemesteret!


