Aktiv mot kreft

I vår fullførte Jori Skorve studiet Trening og Kreft – Aktiv Instruktør ved Norges idrettshøgskole. Målet er å tilby personar som har, eller har hatt kreft, kvalifiserte råd og rettleiing for persontilpassa trening.

Då mange her lokalt ikkje har tilgang til, eller tilbod om Pusterom, håpar me dette tilbodet kan trygge personar i trening trass sjukdom, eller tidlegare sjukdom.

Det er etterkvart godt dokumentert at trening kan redusere risikoen for å få fleire typar kreft, men også betre livskvalitet, redusere biverknader og følgesjukdomar under og etter behandling. Nylege studiar på tarmkreft viser at trening også direkte påvirkar kreftsjukdomen med redusert risiko for tilbakefall og død.

Aktiv mot kreft har sidan 2008 jobba aktivt med å få persontilpassa trening inn som ein integrert del av kreftbehandlinga frå diagnosetidspunktet, og inn i den nye kreftstrategien.

Ta kontakt med fysioterapeut Jori Skorve på Luster Trening om du ynskjer oppfølging til trening.

Neste
Neste

04.09.2025: Sterk Mamma