10.10.2025: Gratis trening
Me held treningssenteret ope for alle som ynskjer å kome hit å trene fredag 10.10.
Her kan du trene gratis mellom kl 08.00 - 18.00, om det er på eigentrening, eller gruppetime.
Trening gjer godt for oss på mange måtar. Ein tenkjer klarare, blir i betre humør, opplever både utfordring og meistring, og det kan også vere ein fin sosial arena. Kort eller lang økt, alt har ein positiv effekt. Dette ynskjer me å bidra med, for alle! Tren hjå oss, aleine, eller med ein ven.
Me lagar enkel lunsj, som ein kan kjøpe om ein ynskjer. Alle inntekter frå lunsjen går uavkorta til Mental Helse Ungdom.
Gjer noko god for deg sjølv og dei rundt deg. Kom og tren med oss!
Påmelding til gruppetimar i kalendaren, eller på SMS til 47909578.